Søknadsfrist:
3/3/2026
Sauda Musikklag er eit lite brass band med store planar! Vi er rundt 15 aktive vaksne medlemmar og er ein synleg del av kulturlivet i Sauda i Ryfylke.

Korpset vart stifta i 1924 og har ein lang og rik historie i lokalsamfunnet. Vi står framfor ei spanande tid der vi startar opp eit korpstilbod for barn og unge, samstundes som vi ønskjer å oppretthalde og vidareutvikle tilbodet for vaksne. Vi søkjer derfor etter ein dirigent som vil jobbe både med barn/unge og vaksne, og som vil vere med på å forme og byggje opp eit nytt tilbod for barn og unge.
Korpset skal vere ein plass for musikkglede, meistring, utvikling, inkludering og fellesskap. I løpet av året har vi konsertar, seminar og andre opptredenar.
Stillingsprosent: Anslagsvis 45–50 % stilling, fordelt på 25 % for barn/unge og 20–25 % for vaksne. Ønskjer du kun å søkje på éi av rollene så spesifiser du dette i søknaden.
Tilsetjingsform: Avtalast ved intervju eller tilsetjing.
Oppstart: Snarleg, eller etter avtale.
Anna: Søkjarar må vere budd på å prøvedirigere. Det vert stilt krav om politiattest.
Eventuelle spørsmål kan rettast til styreleiar Solveig Stensvåg Eriksen, telefon 48 18 24 60, e-post: saudamusikklag@gmail.com.
Sauda ligg inst i Saudafjorden i Ryfylke, mellom Preikestolen og Trolltunga, og er omgjeven av spektakulære fjell og vakker natur. Med korte avstandar frå sentrum til fjell, fjord og Sauda skisenter, er byen ein attraktiv stad for friluftsaktivitet året rundt.
Byen har eit levande sentrum og eit rikt kultur- og organisasjonsliv. Folkets Hus er ein viktig konsertscene, og Sauda byr på festivalar, konsertar og arrangement gjennom heile året. Her finn du gode idrettstilbod, kulturskule, badeanlegg med ute- og innebasseng, kino, klatresenter, golf- og minigolfbane, Andedammen familiepark, og båthamn nær sentrum.
Sauda er ein triveleg by utan rushtrafikk, der natur, kultur og fellesskap går hand i hand. https://visitsauda.no/