Om samlinga
Denne gongen er det Lavik skulemusikkorps som er vertskorps.
Frammøte
Alle møte først til innsjekk på Lavik Skule, Kvamsvegen 27, 6947 Lavik. Her skal vi ete, bu og øve.
Opphald
Vi søv på skulen (klasserom) med sovepose/dyne på oppblåsbar madrass eller liknande. Øvinga og konserten er i gymsalen på skulen.
Kva skal eg ha med?
- Feilfritt instrument med tilhøyrande utstyr (mute om du har). Slagverkarar har med eigne stikker/ køller.
- Notestativ (hugs å merke det med namn!)
- Sovepose/dyne + pute og liggeunderlag/luftmadrass
- Skrivesaker – Ha blyant på stativet!
- Handkle
- Toalettsaker
- Personlege medisinar
- Innesko/ullsokkar
- Drikkeflaske
- Konsertantrekk: Kvit NUBB-pique eller vanleg kvit pique/skjorte.
Timeplan for helga (kan skje små justeringar)

Vi minner om at alkohol og andre rusmidlar ikkje er tillat på samling, og at det til ei kvar tid vil vere ansvarlege vaksne til stade frå teknisk arrangør. Representant frå NMF Nordvest vil også vere der heile helga, og vil fungere som instruktør og vert.
Vi ser på alle som modne, flotte ungdommar, og reknar med alle oppfører seg og følgjer beskjedar gitt av ansvarspersonar på staden. Viss det oppstår problem eller nokon bryt med forventa oppførsel og orden, vil heimen bli kontakta.
Lurer du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med Erlend L. Trovåg på mob.976 44 99 eller epost: erlendt@musikkorps
Reglement
1. Deltakarane skal alltid rette seg etter dei beskjedar som blir gitt av personalet på samlingstaden.
2. Alle oppmøtetider, vekke- og etetider skal haldast.
3. Deltakarane skal møte opp i god tid før kvar undervisningstime slik at dei er speleklare når timen startar.
4. Deltakarane skal opphalde seg på samling-staden heile helga, om ikkje anna er avtalt. Ingen må forlate området uten godkjenning fra Erlend Lambrechts Trovåg.
5. All bruk av alkohol og andre rusmiddel er forbode.
6. Det skal vere mogleg å få ro/sove frå kl 22.00 til 07.00.
Energidrikker som Red Bull/Monster/Battery er ikkje ynskjeleg at musikantane konsumerer på samlinga. Mobil skal ikkje vere framme under øving