Om Raudt kurs på Nordfjordeid
Dette kurset er for deg som har spelt nokre år, som elskar musikk og ønskjer å spele saman med gode venner på tvers av skulekorpsa, eller har nokre års erfaring med korpsdrill. Du har lyst til å prøve deg på ulike musikkstilar, og du koser deg når det låtar bra, og det gjer det på RAUDT!
Kurset blir arrangert på Fjordane folkehøgskule.
Aldersfastsetjingar
Innhalda i kursane er tilpassa aldersfastsetjingane. Raudt kurs er for musikantar som skal byrje i anten 7. eller 8. klasse.
Aldersgrenser
Nedre aldersgrense er absolutt. Øvre aldersgrense er open, og dermed har ein høve til å gå på same kurs sjølv om ein ikkje er like gamle. Om dykk har spørsmål om aldersgrenser, ta kontakt på nordvest@musikkorps.no
Desse jobbar på sommarkurset
Kommer så fort staben er satt.
Instrument – kva skal du ta med?
For at du skal få så god kursoppleving som mogleg er det viktig at du har med eit instrument som er i god stand. Sjekk at alle ventilar går og at puter er tette, slik at du kan få god lyd i instrumentet ditt. Slagverkarar tek med seg ein stikkebag, øvepad og skarptromme på stativ, alt anna slagverksutstyr stiller vi med. Hugs å ta med notestativ. Alt anna utstyr er som hovudregel tilgjengeleg på kurset.
Påmelding
Styremedlemmer i korps kan sjå kven som er påmelde sommarkurs frå korpset sitt i medlemsportalen Tutti under Sentral-Sommerkurs>. Her er det også mogleg for korpset å melde på medlemmer til sommarkurs via den grøne knappen over lista.
Påmeldinga opnar 1. desember. For alle kursa er det ein føresetnad med nok påmeld til å kunne gjennomføre.
Påmeldinga er bindande etter påmeldingsfrist. Ved avmelding mindre enn ein månad før kursstart, må de betale 50 % av kursavgifta.
Kurspris
Kuirsprisen kjem på eit seinare tidspunkt.
Det tilkjem eit tillegg på 50% om ein ikkje er medlem av NMF.
Tilskuddsordningar
Sommarkursfond
Meir informasjo kjem
Inkluderingsfondet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Vi har fått beskjed av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane at også korps kan søkje om støtte i deira Inkluderingsfond. Ordninga gjeld berre for musikantar som bur i Vestland fylkeskommune.
Sjå informasjonen om fondet og søknadsskjema på fondet eiga nettside
Deltakerinformasjon
Her legger vi deltakerbrevet. Det sendes ut ca to uker før kursstart.
