Me søkjer engasjert og inspirerande dirigent

Me søkjer engasjert og inspirerande dirigent

Søknadsfrist: 

15/1/2027

Er du oppteken av musikalsk glede, samspel og opplæring av barn og unge? Sagvåg skulekorps ser etter ein trygg og motiverande musikalsk leiar som kan vidareutvikla korpset frå neste skuleår.

Om korpset

Sagvåg skulekorps held til på Stord og er eit aktivt og tradisjonsrikt korps. Me har fokus på eit godt og inkluderande musikalsk miljø der samhald, meistring og speleglede står i sentrum. I løpet av sesongen plar korpset ha ulike lokale konsertprosjekt, delta på 2-3 konkurransar, ha 3-4 helgeseminar i tillegg til faste fellesøvingar onsdag og gruppeøvingar måndag. Korpset har dei siste åra hatt ein stabil besetning på om lag 20 musikantar i alderen 9 til 18 år. I tillegg har me aspirantopplæring.

Om jobben

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Leia og gjennomføra fellesøvingar med korpset, onsdagar 17.00 – 19.00 på Nysæter ungdomsskule. Det er og ynskjeleg at dirigenten gjennomfører gruppeøvingar måndagar ettermiddag/kveld, om søkjar har høve til dette
  • Planleggja og gjennomføra konsertar, seminar og deltaking på konkurransar i samarbeid med styret
  • Tilpassa repertoar og notemateriell til besetning og nivå i korpset
  • Skapa engasjement og eit trygt, inkluderande læringsmiljø for musikantane

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Musikalsk kompetanse og erfaring frå korps og dirigering/instruksjon
  • Trygg og tydeleg dirigent som ynskjer å byggja fellesskap og utvikla korpset
  • Erfaring med å jobbe med barn og ungdom
  • Inspirerande, tolmodig og strukturert
  • Gode formidlingsevner
  • God kommunikasjon med styret og føresette

Me tilbyr

  • Engasjerte og kjekke musikantar som er vant med å jobba målretta
  • Eit godt etablert styre og ei støttande foreldregruppe
  • Moglegheit til å utvikla idear og prosjekt i samarbeid med styret
  • Øvingslokale med bra akustikk. Oppdatert instrumentpark og rikhaldig notearkiv.
  • Honorar og arbeidsvilkår etter avtale. Det er ein føresetnad at oppdraget vert fakturert frå eige firma

Søknadsfrist: 15.01.2027

Tiltreding: August 2027

Send søknad og CV til: sagvagskulekorps@outlook.com

Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med styreleiar Hanne Flatøy 9719704

Tilbakemelding