Om Gult dagkurs på Nordfjordeid
Gjennom veka får musikantane spele mykje spennande musikk og bli betre kjent med instrumentet sitt. Vi avsluttar kurset med ein kjempestilig avslutningskonsert som vi har laga saman med barna.
På dette kurset speler ein ulike typar musikk, og gjennom samspel, musikk-leik og andre aktivitetar får ein også bli kjent med andre barn med same hobby.Kurset er på Fjordane folkehøgskule i sentrum av Nordfjordeid.
Kurset er i utgangspunktet med overnatting, men om de har musikantar som ønskjer å reise til og frå kvar dag tek de kontakt med oss, så lagar vi ei ordning for dette. Deltakarane overnattar saman på hytter, i anten to- eller tremannsrom. Skriv gjerne inn i påmeldingsskjemaet kven du ønskjer å dele rom med (om de har ønske.
Reise på kurs åleine - kurs utan overnatting
Det er ikkje uvanleg at barn reiser åleine frå korpset sitt. Vi har godt med voksen på kurset som hjelper det sosiale samspelet i gang, og alle barn deler rom. Dette gjer at dei fort får fort nye kjenningar og venner. På gult kurs er det mogleg å vere berre med på det musikalske og sosiale på kvelden, men sove heime. Om de er litt nervøse er det mogleg å starte med å reise heim på kvelden og kanskje prøve overnatting siste kvelden. Vi er fleksible, så ta kontakt i forkant av kurset, så finn vi gode løysingar.
Aldersfastsetjingar
Innhalda i kursane er tilpassa aldersfastsetjingane. Gult kurs er for musikantar som skal byrje i anten 5. eller 6. klasse.
Aldersgrenser
Nedre aldersgrense er absolutt. Øvre aldersgrense er open, og dermed har ein høve til å gå på same kurs sjølv om ein ikkje er like gamle. Om dykk har spørsmål om aldersgrenser, ta kontakt på nordvest@musikkorps.no
Desse jobbar du på sommarkurset
Kjem så fort staben er sett.
Instrument – kva skal du ta med?
For at du skal få så god kursoppleving som mogleg er det viktig at du har med eit instrument som er i god stand. Sjekk at alle ventilar går og at puter er tette, slik at du kan få god lyd i instrumentet ditt. Slagverkarar tek med seg ein stikkebag, øvepad og skarptromme på stativ. Hugs å ta med notestativ. Alt anna utstyr er som hovudregel tilgjengeleg på kurset.
Påmelding
Styremedlemmer i korps kan sjå kven som er påmelde sommarkurs frå korpset sitt i medlemsportalen Tutti under Sentral-Sommerkurs>. Her er det også mogleg for korpset å melde på medlemmer til sommarkurs via den grøne knappen over lista.
Påmeldinga opnar 1. desember.
For alle kursa er det ein føresetnad med nok påmeld til å kunne gjennomføre.
Påmeldinga er bindande etter påmeldingsfrist. Ved avmelding mindre enn ein månad før kursstart, må de betale 50 % av kursavgifta.
Avmelding
Påmeldinga er bindande etter påmeldingsfristen er ute. Ved avmelding etter denne datoen gjeld følgjande:
- Ved avmelding etter påmeldingsfrist og fram til fire veker før kursstart: 50% refusjon av kursavgift.
- Ved avmelding mindre enn 4 veker før kursstart må de betale heile kursavgifta då vi må betale alle kostnadene våre etter dette punktet.
- Ved framvisning av legeerklæring: inga betaling. Ved sjukdom tilrår vi at de sjekkar om de kan bruke avbestillingsforsikringa som er inkludert i reiseforsikringa dykkar gjennom korpset.
Kurspris
Kursprisen kr.4200. Det tilkjem eit tillegg på 50% om ein ikkje er medlem av NMF.
Tilskuddsordningar
Sommarkursfond
NMF har i flere år hatt et fond som gir korps mulighet til å søke støtte til kursavgiften.
Fondet er for skolekorpsmusikanter og drillere som ønsker å delta på sommerkurs, men der økonomien er en utfordring.
Mer informasjon om fondet for 2026 kommer snart, men vi anbefaler at man uansett melder seg på sommerkursene tidlig – mange av sommerkursene fylles raskt opp! Hvis fondet ikke blir tilgjengelig for 2026, eller søknaden får avslag, kan man melde seg av kurset uten kostnad.
Søknadsskjema for fondet vil bli publisert så snart det er klart.
Inkluderingsfondet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Vi har fått beskjed av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane at også korps kan søkje om støtte i deira Inkluderingsfond. Ordninga gjeld berre for musikantar som bur i Vestland fylkeskommune.
Sjå informasjonen om fondet og søknadsskjema på fondet eiga nettside
Andre kurs i Nordvest
Vi har kurs for alle aldersgrupper i Nordvest, har du søsken eller venner som også vil på kurs, men ikke passer på rødt? Da kan de delta på
Rødt kurs Nordfjordeid (5. og 6. klasse)
Musikkveka (9. klasse og ut skolekorpstiden)
Musikkleir for vaksne (kurset for deg over 19 år)
Deltakerinformasjon
Her legger vi deltakerbrevet. Det sendes ut ca to uker før kursstart.
